Omtale fra forlaget
Boka Sosialfag er skriven for VK1 barne- og ungdomsarbeidarfaget, og dekkjer modul 1 sosialfag. Ho gjev ulike perspektiv på samfunnet vi lever i, og byggjer på ei sosiologisk forståing av kulturomgrepet.
Målet er å utvikla evna til å sjå samtida ut frå synsstanden til born og unge, og gje refleksjonar som ikkje alltid harmonerer med den uroa dei vaksne kjenner for generasjonen som veks opp. Boka gjev eit bilete av den kvardagen som elevane kan venta å møta når dei går ut i arbeidslivet.
Sosialfag er basert på samarbeid mellom elevar, lærarar og andre ressurspersonar. Levande dialog, aktiv refleksjon og nyfikne vil hjelpa elevane i den faglege og personlege utviklinga deira. Både i teksten og i arbeidsoppgåvene er det lagt opp til å bruka Internett. Boka gjev ingen standardsvar, men omtalar fenomen frå fleire ståstander.
Elevane lærer å kjenna den sosiale kompleksiteten i samfunnet, og evna til å vera smidig og fleksibel er kjenneteiknet på det kompetente mennesket i det 21. hundreåret.
Forfattaren, Ann-Beate Myhra, er sosiolog og høgskulelektor veg Høgskolen i Vestfold, avdeling for lærarutdanning, der ho underviser i fritidspedagogikk. Ho har tidlegare arbeidd som flyktningrådgjevar ved asylmottak.
Forlag Gyldendal
Utgivelsesår 2000
Format Heftet
ISBN13 9788200424703
EAN 9788200424703
Språk Nynorsk
Sider 176
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket