Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Denne boka var presis det eg trengte no - ein skikkeleg feel good-roman som eg har blitt hekta på og sliter med å legge bort. Ergo har eg høyrt nesten heile lydboka på to dagar (til mitt forsvar gjer eg fornuftige ting som husvask o.l samstundes...). Vi følger ei snart tjueni år gammal dame i tida etter eit brått brudd med kjærasten som ho har vore i lag med i ti år. Etter så lang tid i eit forhald oppdager ho no nye sider (eller, gamle og gløymte?) ved seg sjølv. Boka vil eg nok seie at faller inn i kategorien "chick-lit", ein sjanger eg sjeldan oppsøkjer. Denne faller likevel i smak hos meg, mykje på grunn av humoren, enkle og smarte formuleringar og karakterar eg verkeleg føler eg blir kjend med og bryr meg om. Lettlest, utroleg koseleg, underholdende og rett. Og slett ein sjarmerande bok!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketSiden det ikkje er plass til meir enn 100 bøker i kvar liste, og eg i år har vore så mykje prega av sjukdom at eg har satt ny personleg rekord i lesing, har eg altså måtte opprette ein liste nummer to for å få plass til bøkene eg leser i år. :-)