Omtale fra forlaget
Monolog om aldring, liv og død
I Slik var det, den andre lengre monologen Jon Fosse har skrive, møter vi ein eldre mann. Synet er dårleg og føtene ber han ikkje lenger. Han ser døden nærma seg og tankar om det er noko framhald etter døden, kjem og går. Åleine i senga, medan han krøkjer seg framover med stokk, så gåstol, og til sist tyr til rullestol fyllest han av brotstykke av det livet han har levt. Han har måla bilete, men den tida er forbi. Borna har han ikkje kontakt med, ekteskapa er over, men han ventar på henne som skal koma og hjelpa han, samtidig som han kvir seg for alle spørsmåla hennar, alltid dei same.
Jon Fosse skriv som alltid om det heilt kvardagslege, men også om dei heilt store spørsmåla. Det handlar om den skrøpelege kroppen og alderdomen, tida og minna, livet og døden.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2020
Format Innbundet
ISBN13 9788234004957
EAN 9788234004957
Språk Nynorsk
Sider 58
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket