Omtale fra forlaget
Kva har Nora Brockstedt, Lillebjørn Nilsen, Ivar Medaas, Dizzie Tunes, Noregs Punklag, Darkthrone, Gåte og Odd Nordstoga til felles? Alle har gitt ut musikk med nynorske tekstar. Denne boka tek deg med gjennom dei fyrste 80 åra med nynorsk populærmusikk på vinyl. Meir enn 60 plater får eigen omtale, krydra med detaljar frå innspelingane og mottakinga platene fekk. I tillegg kjem ei mengd små omtalar av andre plater. Boka er gjennomillustrert med 266 plateomslag, 50 artistfoto, gamle annonsar, plakatar og anna. Her er plater som du ikkje visste fanst, plater som du mimrar om, og plater du gler deg til å høyra på. Frå boka:«Den jazz- og bossanova-inspirerte plata The New Sound of Edvard Grieg / Folk-Music, med arrangement av Sigurd Jansen, har to delar: éi side med nytolkingar av folkeviser, og éi med tolkingar av Grieg-songar med tekstar av Garborg og Vinje. Og det her vart «Årets mest kontroversielle norske LP-plate», for å sitera Arbeiderbladet. Faktisk var arrangementa so kontroversielle at ein av dei klassiske musikarane som skulle spela på plata, reiste seg og gjekk i protest midt i innspelinga.»Dizzie Tunes: The New Sound of Edvard Grieg / Folk-Music (1969)
Forlag Fonna forlag
Utgivelsesår 2024
Format Innbundet
ISBN13 9788251304085
EAN 9788251304085
Språk Nynorsk
Sider 167
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket2 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket