Skrive for nåtid og framtid 1

skriving i arbeidsliv og skole

av (redaktør) og Torlaug Løkensgard Hoel (redaktør).

Tapir akademisk forlag 2007 Heftet

2 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

"Skrive for nåtid og framtid" består av to bind, utgitt i forbindelse med to konferanser arrangert av skriveforskningsmiljøet i Trondheim i 2006. Bøkene inneholder artikler basert på presentasjoner fra konferansene. Bind 1 har hovedfokus på skriveforskning, skriveopplæring, skrivning i arbeidslivet og skrivning i skolen. I bind 2 vektlegges akademiske tekster og rettledning av studenter i deres skrivearbeid. Har litteraturlister.

Omtale fra forlaget

I oktober 2006 arrangerte skriveforskingsmiljøet i Trondheim to nordiske konferansar. Den første, "Skrive for nåtid og framtid", retta søkelyset mot dei behova for ny kunnskap om skriving i utdanning og yrkesliv som ein ser i samfunnet i dag. I den andre konferansen, "Skriving og rettleiing i høgre utdanning", låg vekta på akademiske tekstar og på å rettleie studentar i deira skriving. På begge konferansane vart det presentert interessant forsking.
Bøkene Skrive for nåtid og framtid, bind 1 og 2, inneheld artiklar som byggjer på presentasjonar på konferansane. Bøkene viser breidda i nordisk skriveforsking i dag med artiklar som tar føre seg til dømes skriving blant arbeidarar i oljeindustrien, skriving på alle trinn i utdanningssystemet - frå barnehage til universitet, skriving i ulike sjangrar og modalitetar, bruk av skriving i ulike profesjonar, ulike måtar å drive skriveopplæring på, for å nemne noko. I tillegg inneheld bøkene artiklar som gir eit meir overordna perspektiv på ulike sider ved skriveforskingsfeltet. Såleis presenterer ein artikkel eit grundig historisk tilbakeblikk og gjer opp status om kor skriveforskinga står i dag, internasjonalt og i Norden; ein annan kastar nytt lys over forholdet mellom talt og skrive språk; ein tredje tar føre seg det teoretiske og epistemologiske grunnlaget for forståing av skriftlegheit i den felles europeiske referanseramma som utdanningane våre i dag må forhalde seg til. Til saman viser og problematiserer artiklane i dei to bøkene ulike teoretiske tilnærmingar i arbeid med skriving.
Synnøve Matre er førsteamanuensis i norsk ved Avdeling for lærar- og tolkeutdanning, Høgskolen i Sør-Trøndelag. Torlaug Løkensgard Hoel er professor innanfor norskdidaktikk ved Program for lærarutdanning, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.
Skriveforskingsmiljøet i Trondheim har eksistert i nærare 20 år. Hovudinteressefeltet har vore skriving i skolen. Miljøet kan vise til fleire doktorgrader, mykje forsking og stor aktivitet med tanke på skriveopplæring. Aktiviteten dei siste åra omfattar m.a.:. eit tverrfagleg og tverrinstitusjonelt forskingsprosjekt som studerer skriving i ulike fag i skolen . samarbeid med skriveforskarar nasjonalt og internasjonalt . eit gryande samarbeid med yrkeslivet . arbeid for å få etablert eit nasjonalt senter for skriveforsking og skriveopplæring

Bokdetaljer

Forlag Tapir akademisk forlag

Utgivelsesår 2007

Format Heftet

ISBN13 9788251922159

EAN 9788251922159

Språk Bokmål Nynorsk Dansk Svensk

Sider 374

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

2 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket