Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
I dag må mange kommunar utover landet leggje ned små skolar på grunn av dei høge kostnadene per elev. Dei ansvarlege på både lokalt og nasjonalt nivå synest å ha mangelfull kunnskap om sterke og svake sider ved slike små skolar, om kva dei har å seie for bygdene, og om kva følgjer sentralisering får for elevar, bygdelag og lokalsamfunn. I denne boka går forfattarene gjennom svensk og norsk forsking med relevans for slike problemstillingar. Forskinga blir vurdert i forhold til lokale og regionale føresetnader, og til nyare straumdrag som globalisering og marknadsøkonomi, og det blir gjort framlegg om eit svensk-norsk utviklingsprogram for skole og utdanning i distrikta. Har litteraturliste og register.
Omtale fra forlaget
Forlagsomtale Mange kommunar utover landet må i dag leggje ned små skolar på grunn av dei høge kostnadene per elev. Utover det som gjeld økonomi i trong tyding, synest dei ansvarlege både på lokalt og på nasjonalt nivå å ha mangelfull kunnskap om sterke og svake sider ved slike små skolar, om kva dei har å seie for bygdene, og om kva følgjer sterk sentralisering får for elevar, bygdelag og lokalsamfunn. I denne boka går forfattarane gjennom svensk og norsk forsking med relevans for slike problemstillingar. Forskinga blir vurdert i forhold til lokale og regionale føresetnader og til nyare straumdrag som globalisering og marknadsøkonomi. Forfattarane peikar òg på nokre viktige sider ved skole og utdanning i distrikta som vi i dag ikkje kan uttale oss tilfredsstillande om, fordi det skortar på relevant forsking. Endeleg blir det gjort framlegg om eit svensk-norsk utviklingsprogram for skole og utdanning i distrikta.
Forlag Fagbokforl.
Utgivelsesår 2006
Format Heftet
ISBN13 9788245004342
EAN 9788245004342
Språk Nynorsk Flerspråklig Svensk
Sider 193
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket