Omtale fra forlaget
Ein dag då han er ute og snorklar, finn Martin nokre mystiske myntar på sjøbotnen. Tilhøyrer myntane ein skatt frå den gamle hollandske skuta som forliste her for lenge sidan? Eller er det tjuvegods etter innbrotet på eit museum i Stavanger?
Dei fire vennene Martin, Anders, Steinar og Anna får nok å stri med når dei skal oppklare denne gåta.
Skatten i Skutevika er ein spenningsroman for dei frå 10 år. Boka er ein frittståande oppfølgjar til Det kvite pulveret. Les også Fangar i natta.
Om forfattaren
Atle Hansen (f. 1954) er forfattar, musikar og journalist. Han har skrive bøker for både barn og vaksne, gitt ut fleire plater og fått Vinjeprisen for nynorsk journalistikk. Hansen er særlig kjend for spenningsbøker for barn og unge, som Det kvite pulveret, Den svarte oksen og Flukt. Atle Hansen er frå Mosterhamn i Bømlo kommune, men har vore busett på Stord sidan 1970.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2016
Format E-bok
ISBN13 9788252191837
EAN 9788252191837
Serie Martin, Anders, Steinar og Anna (2)
Genre Spenning
Språk Nynorsk
Sider 75
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket4 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket