Omtale fra forlaget
Sidan debuten i 1966 har Åse Lilleskare Faugstad gjeve ut lyrikk og noveller, både eigne dikt og gjendiktingar - til saman 16 bøker. I Sjeler som flyr - Eit forfattarliv ser Åse tilbake på livet som skrivande menneske. Det er ei erindringsbok delt inn i fem bolkar; med ulike sjangrar - tankar, minne, essays, slektshistorie og noveller.
Boka gjev innsikt i forfattaren sitt arbeid, tankar om det å skriva, og kva betydning familie og heimstaden har hatt ut frå perspektivet til ein eldre vestlandsforfattar. Boka vil treffa heime både hjå bokelskarar, litteraturinteresserte og lokalhistorisk interesserte.
Tekstane er av ulik lengd og talar til alle som reflekterer over livets gang. Forfattaren deler raust tankar rundt alderdom og død. Dette er ei bok til å bli klok av.
Her er minne om år og menneske som forma ei ung jente - og trådar tilbake til dei som trakka stiane opp før henne i slekta. Åse skriv nært og innsiktsfullt om liv og lagnad i små grender langs fjorden. I bolken med slektshistorie står slekta frå Fossmark sentralt. I bolken «Minne» er det mest oppvekstskildringar frå industristaden Dale. Desse to bolkane er rikt illustrerte med bilde av slekt og bygdefolk i alle aldrar. Boka skildrar også møte med forfattarar i inn og utland og gjev innblikk i eigne og andre sine skriveprosessar.
Boka har over 130 fotografi henta frå dei gamle familiealbuma til Åse Lilleskare Faugstad. Mange av desse har stor lokalhistorisk verdi, og langt dei fleste har aldri vore publiserte tidlegare. Utgjevinga er støtta av Vaksdal Historielag.
Forlag Leirfuglen forlag
Utgivelsesår 2023
Format Innbundet
ISBN13 9788269062687
EAN 9788269062687
Språk Nynorsk
Sider 208
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket