Omtale fra forlaget
Få andre store tenkjarar, forfattarar og forskarar er så vidgjetne som Freud, og mange av omgrepa hans har blitt ein sjølvsagt del av daglegtalen. Samstundes er omgrepa i psykoanalysen blitt ein del av den samfunnsteoretiske og sosiologiske common sense. Likevel kan vi hevda at det engelske ordspelet «he is well known, but not known well» passar godt til å skildra Freuds plass i samfunnsteorien i dag. Det storslagne ved verket hans er på mange vis blitt viska ut av den trivielle kunnskapen om psykoanalysen og den allmenne førestillinga om kva han handlar om.
I denne boka rekonstruerer Atle Møen samfunnsteorien til Freud med utgangspunkt i fire av hovudverka hans. Møen hevdar at Freud først og fremst var ein samfunnsteoretikar, og at den naturalistiske Freud berre var ein posisjon som skulle skapa vitskapeleg legitimitet til eit heilt nytt prosjekt: å forstå menneskeleg samkvem på ein mest mogleg djuptgåande måte.
Forlag Scandinavian Academic Press
Utgivelsesår 2020
Format Heftet
ISBN13 9788230402627
EAN 9788230402627
Omtalt person Sigmund Freud
Språk Nynorsk
Sider 278
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket