Omtale fra forlaget
Skottland har Iona, England har Lindisfarne og Frankrike har Mont St. Michel. Noreg har heilagøya Selja. På den vesle øya ved Stad ligg det største ruinanlegget i landet, i eit makelaust landskap. Klostertårnet står att i full høgde, og oppe i fjellsida ligg store terrassar framfor heilagstaden Sunnivahola.
Selja vart i år 996 det første pilegrimsmålet i landet, då kong Olav Tryggvason fann relikviar i hola. Kring 1068 vart Selja bispesete for heile Vestlandet. På slutten av 1000-talet fekk Selja kanskje det første kloster i landet. Gjennom heile mellomalderen valfarta pilegrimar til Selja for å ære Sankta Sunniva og Seljumennene.
Sankta Sunniva er den f√∏rste norske helgen, den einaste kvinnelege, og ho utgjer saman med Sankt Olav det kongelege, norske helgenparet.
Ingen kjem til Selja utan å undre seg. Og ingen reiser derifrå urørd.
Forlag Selja forlag
Utgivelsesår 2021
Format Heftet
ISBN13 9788282401715
EAN 9788282401715
Serie Selja reise & kultur
Språk Nynorsk
Sider 112
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket2 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket