Omtale fra forlaget
Ein sekstieinårig mann vaknar opp på eit hotellrom. Han har drøymt om stafetten i langrenn for herrar under OL på Lillehammer i 1994, som har nær tilknyting til ei dramatisk hending i hans eige liv. Vinteren 1994, same dag som stafetten fann stad, mista han den eldste sonen sin. Seinare blir han skild. Han er vegingeniør, lever åleine, og er fast bestemt på å halde fram med det. Men då dottera ein dag overtaler han til å opprette ein Facebook-profil, hamnar han på ei datingside som formidlar kontakt med austeuropeiske kvinner. Han får kontakt med Kataryna frå Kviterussland. Eit begjær blir vekt i han.
No er han i Minsk, fast bestemt på å forføre denne kvinna som han trur han elskar, men som han enno ikkje har møtt.
Nils Henrik Smith har skrive ein intens og stilsikker roman om tap, einsemd og begjær.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2014
Format E-bok
ISBN13 9788252183269
EAN 9788252183269
Omtalt sted Russland
Språk Nynorsk
Sider 207
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketForaktar han seg sjølv, sine eigne lengslar og kjensler? Nei, han trur ikke det. Men han kan ikkje late vere å tenkje at han nok, høgst sannsynleg, ville ha forakta dei, viss dei hadde tilhøyrt ein annan.
30 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket