Omtale fra forlaget
Say What?! er ei etterlengta ordbok mellom nynorsk og engelsk for grunnskolen.
Med enkle forklaringar og eit oversiktleg grafisk oppsett, er ordboka lagt spesielt til rette for barn og unge. Boka er også rikt illustrert, noko som gjer ho morosam å bruke.
Ordoka er til hjelp både for dei som vil lære seg engelsk og for dei som vil forbetre nynorsken sin. Ho inneheld britisk så vel som amerikansk engelsk, og er laga med sikte på å vise mangfaldet i den nynorske målforma.
Say What?! består av over 17 000 oppslagsord og meir enn 6 000 uttrykk. Uttrykka illustrerer blant anna riktig bruk av preposisjonar saman med oppslagsorda, og dei mange eksempla viser orda i bruk. Ordboka inneheld dessutan ein oppdatert og omfattende minigrammatikk, som blant anna forklarer den nye inndelinga av ordklassene.
Dette er ei bok som er enkel å bruke for dei som har lita erfaring med ordbøker, med tydeleg inndelt informasjon og få forkortingar. Mange av teikningane kallar i tillegg fram smilet hos lesaren. Boka er godt eigna til klassesett og til opplæring i ordbokbruk. Ho passar også fint til å bruke privat.
Forlag Kunnskapsforlaget
Utgivelsesår 2015
Format Innbundet
ISBN13 9788257321130
EAN 9788257321130
Språk Nynorsk Flerspråklig Engelsk
Sider 603
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket