Omtale fra forlaget
Samiske nasjonale strategarer den første samla framstillinga av den samepolitiske kampen for samisk språk og kultur på første halvdel av 1900-talet. Til grunn ligg omfattande ny forsking om den samiske opposisjonens deltaking i det samiske og norske ordskiftet, både lokalt og nasjonalt. Ein kamp som på ulike vis involverte politikk, kultur og vitskap og som utfordra den norske skole- og fornorskingspolitikken, synet på tilhøvet mellom folk, nasjon og kultur og førestillinga om Norge som ein kulturelt homogen stat. Krav og problemstillingar som 100 år etter framleis er aktuelle. Boka presenterer ny kunnskap om dei fremste samiske strategane, om samisk og norsk politisk historie, om statsråd J. K. Qvigstad, fornorskingspolitikken, om arbeidarrørsla i Nord- Norge og om norsk minoritetspolitikk. På eit overordna plan problematiserer boka norsk nasjonsbygginga, ulike former for norsk og samisk nasjonalisme og nasjonal identitet. Ketil Zachariassen (f. 1969) er historikar (PhD) og forskar ved Institutt for historie og religionsvitskap ved Universitetet i Tromsø. Denne boka bygger på avhandlinga han disputerte på vinteren 2012. Han har tidlegare vore biletredaktør for Norsk Polarhistorie (2004), og han har skrive om ulike sider ved nordnorsk historie på 1900-talet. For tida arbeider han med ei bok om Sparebank1 Nord-Norges historie frå 1988 til 2014.
Forlag ČálliidLágádus
Utgivelsesår 2012
Format Innbundet
ISBN13 9788282631174
EAN 9788282631174
Omtalt tid 1900-1945
Omtalt sted Norge
Omtalt person Anders Larsen Isak Saba Per Fokstad
Språk Nynorsk
Sider 368
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket