Omtale fra forlaget
Samhandling i velferdsyrke er eit sosiologisk, entusiastisk og problematiserande bidrag om relasjonen mellom brukar (klient) og yrkesutøvar for studentar ved helse- og sosialfaglege utdanningar og yrkesutøvarar innanfor dette feltet. Samhandlingsperspektivet som er lagt til grunn, er ein nyttig måte å lese tilhøvet mellom brukar (klient) og yrkesutøvar på som får fram at begge partar faktisk skapar noko saman. Eit kritisk og analytisk blikk for kva som skjer i samhandlingsrelasjonen vil kunne bidra til at helse- og sosialarbeidarar blir betre og meir reflekterte yrkesutøvarar. Vi er frimodige nok til å meine at denne boka kan bidra til nettopp det ved å late vere å dosere allmenn teori, men tvert om syne denne teorien i bruk på konkrete casar som er særs relevante for den målgruppa denne boka siktar seg inn på, og som med så stødig hand som råd er prøver å ramme midt i blinken. Bjarne Øvrelid er cand. sociol. og er tilsett som førsteamanuensis ved Avdeling for helse- og sosialfag, Høgskolen i Lillehammer. Liv Johanne Solheim er cand.polit. med hovudfag i sosiologi og er tilsett som førsteamanuensis ved Avdeling for helse- og sosialfag, Høgskolen i Lillehammer
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2001
Format Heftet
ISBN13 9788276744453
EAN 9788276744453
Språk Nynorsk
Sider 247
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket