Omtale fra forlaget
Russland har vore eit imperium i nesten 500 år. Det gamle russiske imperiet gjekk under i 1917, men oppstod snart i transformert versjon som Sovjetunionen. Sovjetunionen blei historie i 1991, men mange russarar førestiller seg enno eit Russland som er større enn det som ligg innanfor den noverande russiske føderasjonen.
Russiske imperium syner korleis arven frå imperiefortida pregar dagens Russland både politisk og ideologisk. For å forstå Russland og russisk sjølvforståing må vi kjenna til landet si forhistorie som ei verdsmakt.
Boka gjev den historiske bakgrunnen for nyare konfliktar med nabostatar og andre spenningar i samtida. Samstundes peikar ho på praksisar og tenkjemåtar som har blitt borte undervegs. Russland har sidan 1500-talet vore imperium på ulike måtar. Og imperiet var - og er - meir enn berre imperialisme. Boka analyserer mangfaldige konstellasjonar av eit sentrum i samverke med ulike periferiar, og kombinerer den politiske historia med ei idéhistorisk framstilling av russiske sjølvbilde, før og no.
Forlag Cappelen Damm akademisk
Utgivelsesår 2017
Format Heftet
ISBN13 9788202548926
EAN 9788202548926
Omtalt tid Nyere tid
Språk Nynorsk
Sider 356
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket