Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Med engelsk sammendrag.
Omtale fra forlaget
Åkle er eit vove teppe med mønster og vart bruka som sengeklede. Men i Setesdal heiter det ikkje åkle; i Bykle og Valle heiter det ei rugge, i Hylestad og Bygland heiter det ein brosse. Den rikt illustrerte boka er basert på 233 registreringar av rugger og brossar og på samtalar med eldre folk i Bykle, Valle og Bygland. Boka fortel om korleis ruggene og brossane vart bruka, om sengekleda generelt, og om materiale, fargar og mønster. Det er også nokre vevoppskrifter, vevuttrykk på dialekt og eit engelsk samandrag. Boka er meint som ein hyllest til kvinnene sitt arbeid, og spesielt til dei som generøst har delt av kunnskapen sin. Karin Bøe kom til Valle i 1995. Ho begynte å studere vevtradisjonen i Setesdal ved å sjå på gamle vevnader og å høyre på eldre folk. I 1996 starta ho Valle Vev der ho har vove etter tradisjonen og studert vidare. Ho har sveinebrev i handveving og mastergrad i tradisjonskunst.
Forlag Portal
Utgivelsesår 2012
Format Innbundet
ISBN13 9788292712719
EAN 9788292712719
Omtalt sted Aust-Agder
Språk Nynorsk
Sider 272
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket