Omtale fra forlaget
Vestnorske industrisamfunn som Årdal, Høyanger og Sauda har alle rockehistorier å fortelje, likevel er Odda ein bra stad å setje første spadetaket når soga om vestnorsk industristadrock skal gravast fram. Odda ligg som ein gøymestad inst i Hardangerfjorden, som baksida av ei løe med ein attgløymd moped i brenneslebuskane. Gode gøymestader kan virke preserverande, ikkje berre på skit og støv, men også på vakre knappar og gamalt arvesølv. I Odda finn ein framleis dei gode musikarane, dei fine instrumenta og dei vittige historiene samla på eit lite og oversiktleg areal. Femti år etter det første rockebandet i Odda, The Spitfires, starta opp med øving og dans på Folkets Hus, har Garatun Huus funne fram den rette tanga, teke godt tak, og dradd skattane fram i det rette historiske lyset.
Forlag Kapabel
Utgivelsesår 2011
Format Innbundet
ISBN13 9788281630376
EAN 9788281630376
Språk Nynorsk
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket3 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket