Riss

Valdres

56 historier, 26 stemmer, 4 årstider

av (redaktør) og Yngve Ask (foto).

Valdres natur- og kulturpark 2023 Innbundet

Ingen bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Kva slags spor set Valdres i deg og meg?
Det er skrive mykje og godt om Valdres. Eit søk ved det lokale biblioteket gjev oss ei imponerande treffliste over bøker og tidsskrift med "Valdres" i tittel eller emne. Ein kan tenkje at kvar ein topp, lokalkjendis, foss og kulturminne er skildra allereie. Mykje av denne litteraturen vart fordøydd med stor respekt i ei periode med idémyldring: Skal vi laga ei bok om identitet i Valdres?

Kan vi kome under huda på valdrisen og alle andre som kjenner seg heime her?

Så ringte Jenny Komperud Edge til Valdres Natur- og Kulturpark. Det var ein haustdag i 2021 og ho ville be om lov til å tatovere Valdres-logoen på ryggen. Det fekk ho sjølvsagt lov til, på lik linje med dei om lag 60 andre vi kjenner til som har gjort det same.

Dette sette oss på eit godt spor. Kva meir enn eit fint symbol vart rissa inn i huda til Jenny berre nokre veker seinare? Kva for minner, verdiar, kjensler, mellommenneskelege band og framtidsutsikter vart blanda inn i blekket då kaldt og spisst stål møtte mjuk og varm hud?

"Identitet er ein del av korleis ein oppfattar seg sjølv, kva ein er, og kven ein høyrer til." innleier sosialantropolog Tom Bratrud boka RISS og held fram: "Valdres-identitet, som andre former for identitet, er derfor ikkje ein «ting». Det er noko som gradvis blir forma i relasjon med andre menneske og stader."

Folk møter folk
I dette spelerommet har vi late folk møte folk og historie møte notid. 26 ulike skribentar, både etablerte forfattarar og ferske stemmer, har fått opne opp noko dei forbind med Valdres eller korleis Valdres har sett eit preg, eit riss, i andre.

Kva slags identitetsmarkørar finst der ute, og er det rom for å sjå på dei med både varmt, nytt og skrått blikk?

56 historier, 153 bilete og fire årstider
Dei 56 historiene i RISS er både humoristiske og djupt personlege. Kåserande og lyriske. Historiske opprulleringar og små glimt. Og alt i mellom. Fortalt med kvardagspuls og utan strenge sjangerkrav. Det er 153 bilete i RISS, der dei aller fleste er tatt i samanheng med produksjonen av denne boka. Dette gjev boka ei eiga visuell ramme.

Kapitla er dei fire årstidene, som set eigne riss i oss gjennom året.

Eksempel på historier i RISS:
- Ein arbeidsdag på vatnet når fjellaure skal bli rakfisk
- Korleis ein småfrekk gauk representerer sitt eige urverk her i dalen
- Revolusjonen i skogsdrifta gjennom ein mannsalder
- Folka som berre er der når du treng dei som mest
- Fargar, smakar, lydar og lukter som ein kjenner att her
- Hagane vi ikkje trudde vi kunne finne i Valdres

Skribentar:
Fredrik Dieserud, Olav Norheim, Egil Heggen, Ida Nordland Hillestad, Kari Hauge, Andrea Agatha Grøneng, Pernille Ødegård, Ida Ask, Jørand Ødegård Lunde, Aud Søyland, Ørnulf Juvkam Dyve, Knut Aastad Bråten, Kjellbjørn Karsrud, Ingunn Vedvik Jensen, Ingrid Ødegård, Magni Kristin Moe Westgård, Tone Thorgrimsen, Johanna Fuglesteg, Marit Beate Kasin, Guro Helgesdotter Rognså, Kirsten Inga Kamrud, Bergljot Strand, Ylve Gudheim, Anders Brenno, Magny Karlberg og Nils Rogn.

Fotografar:
Yngve Ask (Scanout) er hovudfotograf.
Fredrik Holte Breien, Ida Ask, Cathrine Dokken og Thor Østbye har også bidrege.

Bokdetaljer

Forlag Valdres natur- og kulturpark

Utgivelsesår 2023

Format Innbundet

ISBN13 9788299878616

EAN 9788299878616

Omtalt sted Valdres

Språk Nynorsk

Sider 319

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

0 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket