Rettslære 1, d-bok

av (forfatter).

Fagbokforlaget 2021 Digital ressurs

2 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Læreboka er skriven for programfaget rettslære 1 i studiespesialiserande programområde i den vidaregåande skulen etter Kunnskapsløftet 2020. Dette er 6. utgåve av Rettslære 1. Læreverket omfattar lærebok lovsamling som blir oppdatert kvart år nettressursar for elevane og læraren læreboka SVAR – slik løyser du oppgåver i rettslære Den nye læreplanen har eit prinsipp om utforsking. Elevane skal kunne utforske og drøfte ei rettshistorisk eller dagsaktuell juridisk problemstilling. Det er derfor eit nytt Kapittel 10 Juridiske problemstillingar som saman med nettressursar gjev rettleiing og døme på korleis de kan gjere dette. Kapitla har også fått nye «Djupdykk»-oppgåver som skal motivere elevane til å bli nysgjerrige og gjere sjølvstendige undersøkingar. Det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap har ført til eit nytt kapittel 1 om Noreg som rettsstat. Med den nye læreplanen er det også endringar i kva for rettsområde som er med i Rettslære 1. Strafferetten er bytt ut med forbrukarkjøpsrett og enkel avtalerett. Familieretten er omstrukturert. Barnelova er behandla i eit eige kapittel om mindreårige og kva som er til beste for barnet, og reglane i ekteskapslova om inngåing og oppløysing av samliv har fått eit eige kapittel om ekteskap og sambuarskap. Reglane om deling av formue ved oppløysing av samliv er ikkje lenger med i læreplanen og boka. Det er heller ikkje reglane i verjemålslova om rettsevna til mindreårige. Arveretten er omskriven og tilpassa ny arvelov. Likestillings- og diskrimineringsrett og arbeidsrett har fått kvart sitt kapittel, der reglar om trakassering og varsling har fått ein langt meir framskoten plass. Hasse Bergstrøm er cand.jur og cand.oecon frå Universitetet i Oslo. Han har meir enn 40 års erfaring med undervisning i den vidaregåande skulen, medrekna fleire år ved lærarutdanninga (ILS) ved UiO. Han har lang erfaring som lærebokforfattar.

Bokdetaljer

Forlag Fagbokforlaget

Utgivelsesår 2021

Format Digital ressurs

ISBN13 9788211042910

EAN 9788211042910

Språk Nynorsk

Utgave 6

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

2 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket

Andre utgaver