Omtale fra forlaget
Eit bidrag til ein samtale om religion
Denne boka kan lesast som eit historisk oversyn, men ho er også meint å vere eit bidrag til samtale om religionskritiske utfordringar i den norske konteksten - på tvers av tru og livssyn. Forfattaren rullar opp religionskritikken i Norge, frå det moderne gjennombrotet og fram til dagens religionskritiske debattar. Han identifiserer sentrale arenaer og aktørar, og viser korleis religionskritikken har skifta fokus frå kristendoms- til islamkritikk. Boka er også systematiserande og forfattaren skil mellom tre hovudformer for religionskritikk: intellektuell, moralsk/politisk og eksistensiell.
Den andre hovuddelen av boka er konsentrert om humanismen, og forfattaren gjer seg til talsmann for såkalla «kjempande humanisme», ein humanisme som går i klinsj med autoritære og antihumane rørsler og også utfordrar religionane når det er nødvendig. Boka gir også eksempel på religionskritikk i praksis - relatert til Bibelen og Koranen.
Forlag Pax
Utgivelsesår 2022
Format Heftet
ISBN13 9788253043586
EAN 9788253043586
Språk Nynorsk
Sider 187
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket