Omtale fra forlaget
Reiseliv og språk er eit spennande fagområde i så mange samanhengar. Reiseliv og språk 2 byggjer på Reiseliv og språk 1 og tek først og fremst for seg kulturelle og språklege erfaringar som er knytte til ulike geografiske område, med vekt på interkulturell forståing, reiselitteratur, formidling og ulike reisefaglege emne. Boka følgjer i all hovudsak den strukturen læreplanen i faget legg opp til. Når det gjeld formidling, legg forfattarane særleg vekt på reiselivsjournalistikk. Slik får du ikkje berre brukt framandspråka dine, men også morsmålet – til å reflektere, tolke og formidle eigne inntrykk og reiseopplevingar. Kyrre Romuld har yrkesbakgrunn frå mellom anna reiseliv, forsking, bank og offentleg forvaltning. Han er lektor med mastergrad i samfunnsfag. Siv Sandøy har det meste av yrkesbakgrunnen sin frå Braathens og SAS. Ho er lektor med mastergrad i reiselivsfag. Anne Løschbrandt har fleire års praksis frå reisearrangør- og reisebyråverksemd og som frilans reiselivskonsulent både i Noreg og utlandet. Ho har i mange år undervist i reiselivsfag. Hilde Kvamsås Aa arbeider som lektor i den vidaregåande skolen, der ho underviser i medie- og informasjonskunnskap og historie.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2010
Format Heftet
ISBN13 9788245010053
EAN 9788245010053
Språk Nynorsk
Sider 234
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket