Rapportar frå randsonene

åtte essay om samtidslitteratur

av (forfatter).

Pelikanen 2021 Heftet

Gjennomsnittlig terningkast: 4.00 (1 terningkast.)

4 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Forfattarane i denne essaysamlinga tematiserer og utfordrar på ulike måtar førestillingane våre om fridom - og at dei skriv frå ulike randsone. I økologien betyr randsone eit grenseområde som kan fungere som utvekslingsstad og spreiingskorridor for ulike artar. Dei randsonene vi møter i denne boka, knyter seg i stor grad til ei (ut)veksling mellom fridom og fellesskap, men òg mellom fantasi og verkelegheit. Slik kan somme av bøkene lesast som ein spreiingskorridor, til dømes Sara Stridsbergs og Inger Bråtveits bruk av levd liv og verk i litteraturhistoria når dei skriv sin eigen litteratur eller måten Jon Fosse skildrar liv i randsona mellom dei levande og dei døde, mellom det mytiske og det realistiske - og det kan òg opne nye perspektiv i lesinga av Geir Gulliksens mange portrett av mennesket som forsvinn heilt for seg sjølv i samspelet med andre. Kva kan skje i litteraturen i ein slik grøn korridor. Er det for eksempel ein stad der forfattaren skriv seg fri frå sine førelegg i eigen litteratur? Er det ein stad der den litterære fantasien har særskilt gode vekstvilkår? Og er denne randsona ein stad der så vel fridom og einsemd som død kan skildrast på sitt mest truverdige?

Omtale fra forlaget

Forteljing skjer alltid på ein bestemt stad, i eit hus, i eit rom, skriv den franske forfattaren Marguerite Duras, ei innsikt som ho spinn vidare på; at det stadbundne ikkje berre gjeld det å skape, å skrive, men òg korleis ein skal leve, at òg der handlar det om at det skjer ut frå ein stad. I essayet «Tvetydighetens etikk» skriv den franske fiosofen og forfattaren Simone de Beauvoir om korleis vi forvaltar fridommen vår og peiker på at det vi gjer som frie individ, vala våre, påverkar andre - og det må vi ta ansvar for. Som ho skriv: «Våre friheter støtter hverandre lik steinene i en hvelving, men det er en hvelving som ikke holdes oppe av noen søyler.»

Forfattarane i denne essaysamlinga tematiserer og utfordrar på ulike måtar førestillingane våre om fridom - og at dei skriv frå ulike randsone. I økologien betyr randsone eit grenseområde som kan fungere som utvekslingsstad og spreiingskorridor for ulike artar. Dei randsonene vi møter i denne boka, knyter seg i stor grad til ei (ut)veksling mellom fridom og fellesskap, men òg mellom fantasi og verkelegheit. Slik kan somme av bøkene lesast som ein spreiingskorridor, til dømes Sara Stridsbergs og Inger Bråtveits bruk av levd liv og verk i litteraturhistoria når dei skriv sin eigen litteratur eller måten Jon Fosse skildrar liv i randsona mellom dei levande og dei døde, mellom det mytiske og det realistiske - og det kan òg opne nye perspektiv i lesinga av Geir Gulliksens mange portrett av mennesket som forsvinn heilt for seg sjølv i samspelet med andre.

Kva kan skje i litteraturen i ein slik grøn korridor. Er det for eksempel ein stad der forfattaren skriv seg fri frå sine førelegg i eigen litteratur? Er det ein stad der den litterære fantasien har særskilt gode vekstvilkår? Og er denne randsona ein stad der så vel fridom og einsemd som død kan skildrast på sitt mest truverdige?

Bokdetaljer

Forlag Pelikanen

Utgivelsesår 2021

Format Heftet

ISBN13 9788283831054

EAN 9788283831054

Omtalt person Jon Fosse Geir Gulliksen Sara Stridsberg Anne Oterholm Inger Bråtveit Jan Roar Leikvoll Helle Helle

Språk Nynorsk

Sider 118

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 0 1 0 0 0

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

4 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket