Omtale fra forlaget
D-bok, Fagbokforlagets digitale utgåve av den trykte boka, har markering av tekst, eigne notat og ei integrert ordbok som er omsett til over 20 ulike språk. Puls Yrkesliv i ambulansefag lærer elevane å vareta sikkerheita både for seg sjølv og andre under ulike ambulanseoppdrag. Dei får god kjennskap til nasjonale operative prosedyrar, dokumentasjon og kvalitetsutvikling, og dei lærer å arbeide i samsvar med retningslinjer og prosedyrar for samvirke, lover og regelverk. Boka gir kompetanse i operativ leiing på ein skadestad, og situasjonar med pågåande livstruande vald og masseskadesituasjonar blir også tekne opp. Denne læreboka er ein del av eit komplett læreverk som dekkjer den nye læreplanen for vg2 og vg3 ambulansefag. Serien består av ein tverrfagleg nettressurs og til saman fire lærebøker som følgjer programfaga: Ambulansemedisin 1 Ambulansemedisin 2 Yrkesliv i ambulansefag Kommunikasjon og samhandling I lærebøkene møter elevane lettlesne og oversiktlege verk der innlæring av omgrep står sentralt. Bøkene har ordforklaringar i margen, oppsummeringar og eit breitt utval av oppgåver som stimulerer til djupnelæring. Illustrerte casar med faste karakterar følgjer elevane gjennom verket og gjer fagstoffet både aktuelt og praksisnært.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2024
Format Digital ressurs
ISBN13 9788211045492
EAN 9788211045492
Språk Nynorsk
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket