Omtale fra forlaget
Dette læreverket dekkjer den nye læreplanen for vg2 helseservicefag etter fagfornyinga. Serien består av ein tverrfagleg nettressurs og tre lærebøker som følgjer programfaga: Helse og sjukdom Kommunikasjon og samhandling Yrkesliv i helseservicefag I lærebøkene møter elevane eit ryddig og lettlese verk. Illustrerte casar med situasjonar frå yrkeslivet gjer sluttkompetansen og yrkesidentiteten deira tydeleg. Puls Helse og sjukdom gir kunnskap om folkehelse, livsmeistring og samanhengane mellom helse, livsstil, fysisk aktivitet og kosthald. Elevane får god kjennskap til infeksjonar, smittsame sjukdommar, allergiske reaksjonar, forgiftingar og førebyggjande og behandlande tiltak. Elevane lærer òg om svangerskapet, fordøyingssystemet og immunforsvaret, i tillegg til legemiddelbruk. Læreboka har ordforklaringar, omgrepsregister, oppsummeringar og eit breitt utval av oppgåver som stimulerer til aktivitet, drøfting i fellesskap og djupnelæring.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2022
Format Digital ressurs
ISBN13 9788211044747
EAN 9788211044747
Språk Nynorsk
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket