Omtale fra forlaget
Er du ein person som treng å bruke stemma i arbeidet ditt, eller som har lyst til å få ei betre stemme og bli tryggare i formidling generelt? Kanskje du skal lære bort munnlege ferdigheiter til elevar? Her har du ei lettlesen bok med gode råd og tips til korleis du kan utvikle, trene og ta vare på eiga og andre si stemme. I boka finst det ei enkel innføring i korleis stemma fungerer, øvingar for å finne den gode stemma, korleis bruke stemma optimalt, gode tips og råd til korleis ein kan halde stemma ved like, og korleis ein kan reparere stemma etter kraftig eller feil bruk. Korleis kan du betre uttala di? Korleis kan du takle ulike romakustiske forhold og nervøsitet? Publikum på alle kantar høver for skodespelarar, lærarar, journalistar, politikarar, prestar, treningsinstruktørar og mange, mange fleire. Alle desse veit kor mykje ei godt fungerande stemme betyr i møtet med tilhøyrarane. Eldbjørg Lognvik er logoped og har mange års erfaring som stemmepedagog ved Kunsthøgskolen i Oslo, Teaterhøgskolen. Ho har halde stemmekurs, drive stemmebehandling og har rettleia i stemmebruk både innanfor film og teater og private og offentlege verksemder.
Forlag Fagbokforlaget Landslaget for norskundervisning
Utgivelsesår 2019
Format E-bok
ISBN13 9788245028768
EAN 9788245028768
Språk Nynorsk
Sider 235
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket