Omtale fra forlaget
Har du lyst å prøve eit yrke i praksis? I faget prosjekt til fordjuping får du sjansen til nettopp det. Der får du prøve ut yrke og lærefag innanfor utdanningsprogrammet ditt. Denne boka gir deg gode råd og tips med på vegen. Ho seier litt om kva som blir venta av deg i arbeidslivet, og om kva tilbod som finst. Du lærer å lage din eigen opplæringsplan, og du lærer å ta vare på andre på arbeidsplassen, om å vere punktleg og om fråvære, om initiativ, om å vere sjølvstendig, om samarbeid og mykje anna. Freistar det med arbeidspraksis i utlandet, kan du lese om kva tilbod som finst for det også. Boka inneheld forslag til brev og skjema, til dømes skjema for arbeidslogg og skjema for oppfølgingssamtale. Er du nøyen med å fylle ut alle skjema medan du er i praksis, har du den dokumentasjonen du treng i tillegg til kompetansebevis når du seinare skal skrive lærekontrakt. Kyrre Romuld er lektor ved Hafstad vidaregåande skule i Førde, der han underviser i utdanningsprogrammet service og samferdsel. Han har arbeidserfaring frå mellom anna SAS Braathens, Aetat, VIA Flyspesialisten, DnB/Postbanken, Møreforsking og NHO.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2007
Format Heftet
ISBN13 9788245006261
EAN 9788245006261
Språk Nynorsk
Sider 102
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket