Omtale fra forlaget
Som vernepleiar må ein balansere mange
omsyn, og handtere krysspress frå fleire
aktørar. Brukarar skal behandlast med respekt
og omsorg, ein skal samarbeide godt og
effektivt med andre profesjonar og sikre høg
kvalitet i eigen profesjonell praksis. I slike
situasjonar kan ulike krav og forventningar
ofte komme i konflikt med kvarandre. Dette
er utgangspunktet for denne innføringsboka i
profesjonsetikk i vernepleie.
I første delen av boka blir det gjort greie for
profesjonsetikk generelt; etiske nøkkelomgrep,
teoriar og tenkjemåtar. I andre delen ser ein
på vernepleiarrolla, kva normer og verdiar
som ligg til grunn, og kva utfordringar og
problemstillingar som pregar arbeidskvardagen.
Her står sjølvbestemming og avgjerdsstøtte
sentralt, men også problemstillingar rundt
krysskommunikasjon, konflikthandtering og
det å tale saka til den svake parten blir grundig
behandla. Avslutningsvis blir forskingsetikk
behandla i eit eige kapittel.
Einar Aadland (f. 1950) er dosent emeritus ved VID vitenskapelige høgskole i Oslo. Han er tilknytta mastergradsprogrammet i «Verdibasert ledelse», og har publisert bøker, artiklar og forskingsrapportar innanfor områda etikk og verdiar, organisasjonskultur, vitskapsteori og leiing.
Karl Elling Ellingsen (f. 1955) er professor ved Avdeling for Institutt for psykisk helse (IPH), NTNU og leiar av Nasjonalt kompetansemiljø om utviklingshemming (NAKU).
Lars Rune Halvorsen (f. 1979) er førstelektor ved Avdeling for helse- og velferdsfag ved Høgskolen i Østfold der han er studieleiar for vernepleiarutdanninga og masterstudium i psykososialt arbeid - helse- og sosialfagleg yrkespraksis. Halvorsen har særleg arbeidd med profesjonsutøving og profesjonsetikk, forholdet mellom sjølvbestemming og ivaretaking og systematisk miljøarbeid. I tillegg til brei undervisnings- og rettleiingserfaring, har han publisert ei rekkje vitskaplege publikasjonar, lesarinnlegg og kronikkar.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2020
Format Heftet
ISBN13 9788234001840
EAN 9788234001840
Språk Nynorsk
Sider 208
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket