Polarstar

ishavets grand old lady

av (forfatter), Johannes Bjarne Alme (forfatter) og Webjørn Landmark (forfatter).

Ishavsmuseet Aarvak 2017 Innbundet

1 bokelsker følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

-Han va' litt grapsen. Så nøktern var veteranskipperen Kristoffer Marø etter å ha bakka med den nye skuta Polarstar i fleire døgn i uvêret utanfor Færøyane, på veg heim med full last på jomfruturen til Newfoundland i 1949. -Litt grapsen, men ikkje slik at det gjorde noke'. Det var turar då skuta stupte mot djupet i monsterbølgjene og mannskapet kjende seg «rimeleg sikker på at no fekk oss sjå han Gamle-Erik». Turar der det rulla og slingra så kompasset rista laus og stuerten song religiøse songar og forkynte at no måtte dei alle tenke på sin Gud - til lakonisk svar frå fangstfolka at jojo, men «oss får no prøve og kome oss gjønå desse sjøane først...»
Polarstar var den første norske selfangaren bygd i stål. Kristoffer Marø og Martin Karlsen hadde ideen alt før andre verdskrigen. Det gjekk ti år før skuta var klar for selfangst. Det mangla ikkje på åtvaringar frå dei som sverja til tre. Polarstar fekk skeptikarane til å teie. «Polarstar - Ishavets Grand Old Lady» har smakebitar frå skutas lange virke i og utanfor fangstsesongen. Dette er ikkje ein biografi over skuta gjennom 70 år, men levande skildringar frå mange spennande oppdrag, fortalt av dei som var med. Her er mykje kjærleik og dramatikk, eventyrlege minne og småpikante avsløringar. I tillegg til meir enn 50 turar på selfangst, på Newfoundland og i Vesterisen, har Polarstar hatt populære år som sysselmannsskute, forskingsfartøy og turistbåt, frakta blåbær og agnsild, vore på oljeleiting og isbjørnteljing, frakta dynamitt i Mellom-Amerika og fotografert undervasskablar i Atlanteren. Her er det historier om helikopterkrasj i bakmasta og forskarar som ikkje respekterte privatlivet til elskande kvalross. No er den første stålskuta blitt den siste. Etter restaureringa i Polen vil ho segle som eit varig minne om ei stolt nasjonal næring. 70 år gammal er Polarstar igjen kledd i si ungdoms drakt og like sjødyktig som nokon gong.

Bokdetaljer

Forlag Ishavsmuseet Aarvak

Utgivelsesår 2017

Format Innbundet

ISBN13 9788291003085

EAN 9788291003085

Omtalt sted Polarområdene Hareid

Omtalt person Polarstar (skip)

Språk Bokmål Nynorsk

Sider 221

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

1 bokelsker følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket