Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Dette er den første boken om Julie Dalgård.
Omtale fra forlaget
Den norske regissøren Julie Dalgård oppsøkjer Melk kloster i Austerrike for å lage ein dokumentarfilm. Ein avdød familievenn, bibliotekaren Kurt Leonard, har avslørt delar av ei historie ho vil finne ut av. Det viser seg at her er fleire ufortalde historier knytte til krigen. Det at Leonard har ei fortid som Wehrmacht-soldat, er berre starten. Dalgård går på jakt i hans og familiens fortid både i Nord-Noreg og i Austerrike, og nærmar seg etterkvart nye versjonar av livshistorier ho har kjent sidan barndommen. Med kva rett skal ho skape filmen som vil bli ståande som historia om Kurt Leonard? Og kva versjon skal ho fortelje? I denne romanen får vi lese om forteiing i den næraste familie, om kollektiv forteiing og om konsevensane av dette. Vi blir vitne til korleis kjærleik og død kan slå inn i liv og korleis ulike liv og livshistorier flettar seg inn i kvarandre.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2012
Format E-bok
ISBN13 9788252181418
EAN 9788252181418
Serie Julie Dalgård (1)
Omtalt sted Østerrike
Språk Nynorsk
Sider 298
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
"Ein Platz an der sonne kan også vere eit helvete" (sitat frå s 22)
Paradishagen er historia om norske Julie Dalgård som reiser til Austerrike for å lage film om familievennen Kurt Leonard. Han oppheldt seg i Kirkenes under krigen, og seinare levde han stille og tilbaketrekt i eit kloster i Melk. Der fungerte han som bibliotekar og brukte mykje av tida si til å skrive av gamle skrifter.
Julie har besøkt han i klosteret tidlegare, men no - etter at han er død - får ho tilgang til stoff som gjer at hennar filmplanar må endrast mykje.
Ho får etterkvart kunnskapar om det som hende dei åra då Kurt motvillig oppheldt seg i Norge, ho får rystande kunnskapar om kva som skjedde i Melk i 1944 og seinare, og ho får kunnskapar om kva som skjedde med familievennen etter krigen.
Deler av boka verkar på meg noko vinglande , medan dei delane der Kurt fortel om seg og sitt forhold til Norge og sine norske vener er gode - både språkleg og innhaldsmessig. Spesielt godt er kanskje siste delen med han, der han fortel om si leiting etter kjende og kjære i eit sønderbomba land.
Ein del sanningar er så vonde, at ein kanskje kan skjøne at dei må gøymast og gløymast for å kunne halde fram med eit liv?
Terningkast: 4
Sigrun Slapgard beskriver en nydelig kjærlighetshistorie, men Julie lurer på hva som egentlig skjedde med tante Synnøve, og hvorfor dette ikke skulle snakkes om. Krig forandrer alt. Julie reiser til Østerrike for å finne stoff til en film hun skal lage. Der finner hun mer enn hun våget å håpe på.
36 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket