Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka inneheld 49 dikt som i følgje forfattaren er rekna på "relativt unge folk".
Omtale fra forlaget
Klatretur i ein høgspentmast, dans i eit bomberom og kopulasjon i sakte film. Eit menneske som klamrar seg til eit brennande hus, og ei dame som er bare så inn i hampen forsvunnen. Det er noko av det som ventar lesaren i den nye boka til Heikki Gröhn, ei samling "dikt for relativt unge folk", som forfattaren kallar det.
Forlag Splendid forl.
Utgivelsesår 2008
Format Heftet
ISBN13 9788299713238
EAN 9788299713238
Språk Nynorsk
Sider 68
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketSurdeig
Slik surdeigen kan vare
gjennom hundrevis av år
ved at ein rest heile tida blir halden tilbake,
slik tenkjer eg på deg litt kvar dag,
så du aldri blir heilt
vekk
Alt eg skulle gjort,
som eg ikkje gjorde.
Slikt gneg.
Eg kan ikkje leve med ho,
sa han, og eg kan ikkje
leve utan ho.
Kva skal eg gjøre?
Trur du eg kan leve
med halve ho?
Her er vi åleine.
Her ser ingen oss.
Her kan vi gjøre kva vi vil,
det vi aller helst vil.
Men det gjør vi ikkje.
For vi ser oss.
At noko er.
At eg kan sjå det.
At eg tenkjer dette.
At alt ein dag tar plass
i eit knappenålshol
som svinn