På kryss og ters

musikk fordjuping 2

av (forfatter), Geir Brede Hagerup (forfatter), Martin Smidt (forfatter) og Ingvild Olsen Olaussen (illustratør).

Fagbokforlaget 2011 Heftet

1 bokelsker følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

På kryss og ters 2 presenterer eit breitt utval av teknikkar i komponering, gehør og formidling med frie komponeringsoppgåver, to- og trestemmige teknikkar og alt frå enkel arrangering til blokkharmonisering. Lær å komponere som Debussy eller Schönberg, skrive filmmusikk, komponere poplåtar og jinglar. Lær alt om instrumentasjon, rundgangar, kvintgangar, bassgangar, intro og avslutningar. Boka har oversiktlege kapittel med klar samanheng mellom teori, formidling og gehør og med eit variert spekter av arbeidsoppgåver. Ho gir innføring i korleis ein kan te seg på ei scene, og inneheld mange prosjektoppgåver som eignar seg godt til fordjupingsarbeid. Alt som trengst av akkord- og instrumentoversikter, partituroppsett, fasitar osv. er med. Boka inneheld alle komponentane i faget Musikk fordjuping 2 på vidaregåande skole, men ho eignar seg også på høgskolenivå, for folkehøgskolar eller til sjølvstudium og er ei vidareføring av På kryss og ters Musikk fordjuping 1. Randi Dugstad har utdanning frå Trondheim og Ungarn, med fordjuping i gehørtrening, dirigering og klassisk gitar. Ho har lang undervisningspraksis frå vidaregåande skole, konservatorium og universitet og har erfaring som kordirigent for fleire kor. Geir Brede Hagerup har utdanning frå Trondheim, Bergen og Praha og har lang undervisningspraksis frå vidaregåande skole, konservatorium og universitet. Han har også erfaring som utøvande pianist og arrangør, i kordireksjon og musikkadministrasjon og som musikkmeldar. Martin Smidt har utdanning frå Trondheim med fordjuping i rytmeforsking og arrangering/komponering. Han underviser i vidaregåande skole og har undervist i musikk fagdidaktikk ved NTNU. Han arbeider også som komponist med hovudvekt på teatermusikk og som slagverkar i spennet frå jazz og pop/rock (Dadafon) til tidlegmusikk (Billuca Ensemble).

Bokdetaljer

Forlag Fagbokforlaget

Utgivelsesår 2011

Format Heftet

ISBN13 9788245009002

EAN 9788245009002

Språk Nynorsk

Sider 488

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

1 bokelsker følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket