Omtale fra forlaget
Om sjølvtillit og kroppskompleks. Eg hatar det når folk spør kvifor eg haltar. «Har du skada foten? Er det ein fotballskade?» Så må eg seie at det er lenge sidan, og spørsmåla tar aldri slutt. Dei siste åra har eg begynt å seie ja. Ja, eg har skada meg, og når dei ser på meg og ventar på meir info, seier eg ingenting. Eit ja er alt dei får. Eg drit i om dei føler seg dumme. Eg føler meg uansett dummast. Styggast. Handikappast. Miriam har levd med skada fot sidan ho var to år gammal. Ho haltar og har store smerter. Då ho fyller seksten, får ho beskjed frå legane på sjukehuset om at ho må amputere foten. Kort tid før operasjonen møter Miriam den kjekke guten Torjus, som ho blir hovudstups forelska i. Kan ho greie å fortelje han kva ho skal gå gjennom på sjukehuset? Og kva vil han seie når han får vite sanninga om kroppen hennar? På ein skala frå éin til ti er ei sterk og personleg historie om kroppskompleks, om å kjenne seg annleis. Samstundes er det ei forteljing om å overvinne frykta for å seie sanninga og om å kome seg vidare i livet.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2025
Format Innbundet
ISBN13 9788234014185
EAN 9788234014185
Språk Nynorsk
Sider 158
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket