Omtale fra forlaget
itte besøget / på ein gard / i et hus / springe eg heim / med ein nye heim inni meg.
Kva er det som ligg der og gneg? Har det noko med det religiøse trykket å gjere, har det noko med eigen oppvekst å gjere, og ville han noko anna enn det han fekk til? Ei sterk diktsamling som reflekterer rundt oppvekst og forholdet mellom far og son. Forfattar er Oddbjørn Birkeland, f. 1949 i Bjerkreim, Rogaland, for tiden bosatt i Bærum; lektor. Dette er hans første bok.
Forlag Wigestrand
Utgivelsesår 2013
Format Innbundet
ISBN13 9788281401495
EAN 9788281401495
Språk Nynorsk
Sider 59
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketpå bagsidå av gravsteinane
står det ingenting
kanskje det burde stått någe der òg
om alt det me sakna
og ikkje fekk te
ei lidå lista øve det me konne vore
men ikkje va
og ei antydning om
at det sikkert også va någe
som ingen såg
kor mange gonger reparere du traktoren
itte at me har kjørt han i stykker
men alt det andra
som heila tidå går i stykker
rondt deg
legge du aldri
merke te det
koss du og mor trefte
kverandre
får me aldri heilt greia på
ka e det me ikkje må få veda
eller skjemmest de
øve at de ikkje va
onge og galne nok
radio lux
den støysterke stasjonen
inne i den raude reiseradioen
onna dynå udøve nåttå
dei oppjaga stemmane
som garantere at dette
e det viktigaste
me någen gong
kjeme te å gjera i livet