Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka tar opp teoriar og strategiar for studiar av åtferd og utfall av endringsprosessar i organisasjonar. Dei to viktigaste spørsmåla som boka tar opp er: Kva typar teoriar om organisering og endring finst det og korleis skal vi handtere teorimangfaldet? Med litteraturliste.
Omtale fra forlaget
Boka tek opp teoriar og strategiar for studiar av forløp og utfall av endringsprosessar i organisasjonar. Først blir det drøfta ulike måtar som teoriar om organisering og endring har vore inndelte på i organisasjonslitteraturen. Det blir så teke utgangspunkt i ei inndeling i fem teoriar etter synet på korleis organisasjonar handlar, og vist korleis desse teoriane i ulik grad og på ulik måte legg vekt på betydninga av organisasjonsfaktorar for å forklara forløp og utfall av prosessane. Deretter blir det drøfta korleis ulike kriterium kan bli ivareteke ved bruk av ulike strategiar for å handtera teorimangfaldet. Til slutt blir det vist korleis element frå ulike typar teoriar kan sameinast. Organisasjonsstruktur blir her sett både som utgangspunkt for og som resultat av handlingar prega av ei blanding av problemløysing, interessehevding, regelfølging og (bi)produkt av samanfall i tid. Paul G. Roness var førsteamanuensis ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap ved Universitetet i Bergen og forskar ved LOS-senteret.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 1997
Format Heftet
ISBN13 9788276741766
EAN 9788276741766
Språk Nynorsk
Sider 139
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket5 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket