Omtale fra forlaget
Eit symbolsk perspektiv. I alle organisasjonar finst det oppfatningar om kva identitet organisasjonen har i forhold til andre organisasjonar. Denne boka gir ein introduksjon til organisatorisk identitet . korleis verksemder oppfattar seg sjølv og korleis dei går fram for å vise det. Med utgangspunkt i eit symbolsk perspektiv viser forfattarane korleis organisasjonsidentitet vert utvikla og fasthalden, korleis identitet vert uttrykt gjennom symbolbruk og korleis organisasjonsidentitet endrar seg over tid. Forfattarane tar opp utvikling av identitet gjennom dagleglivet i verksemda, men også gjennom strategiske val som blir gjort for at verksemda skal framstå slik ein ønskjer. Boka har ei deskriptiv og analytisk tilnærming til emnet, men gir samtidig bakgrunn for refleksjon kring identitetsarbeid i eigen organisasjon. Den nye utgåva er oppdatert med nyare forsking på feltet og med nye eksempel.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2019
Format E-bok
ISBN13 9788252199567
EAN 9788252199567
Språk Nynorsk
Sider 184
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket2 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket