Omtale fra forlaget
Ordriket 1 - 7 Ordriket er eit norskverk for barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggjande ferdigheitene, samstundes som det fremjar leselyst og leseglede. Lesebok 1B I lesebøkene på 1. trinn følgjer vi Sam og Ina på jakt etter ein tjuv som stel bokstavar. Tjuven er laus i rekkjehusområdet Snippen 1. Under jakta er vi innom alle husa, frå A til Å, og blir kjende med spennande menneske og dyr. Forteljinga om Sam og Ina og bokstavtjuven skaper eit felles univers som heile klassen kan ta del i. Samstundes finst dei ulike tekstane i historia på tre nivå. Saman med fargerike og innhaldsrike illustrasjonar gir dette kvar enkelt elev høve til å ta del i jakta på sine premissar. Jakta startar i Lesebok 1A og held fram i Lesebok 1B. Digitale versjonar finst i nettressursen. Ordriket 1. trinn: - Lesebok 1 A og 1B - Bokstavbok 1 - Kopisamling 1 - Lærarrettleiing 1 - Tavleressurs og nettressurs på ordriket.no
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2013
Format Innbundet
ISBN13 9788211016645
EAN 9788211016645
Språk Nynorsk
Sider 96
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket