Omtale fra forlaget
Ordriket 1–7 Ordriket er eit prisvinnande norskverk for heile barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, samtidig som det fremmer leselyst og leseglede. Lesebok 1A Leseboka sikrar ei rask og heilskapleg innlæring av bokstavane. Heile alfabetet blir gjennomgått i éi bok, og små og store bokstavar blir introdusert samtidig. Til kvar bokstavgruppe møter elevane spennande tekstar frå ulike sjangrar. Tekstane er differensierte og merka med tre ulike nivå. Ord- og begrepsforståinga er systematisk tatt vare på gjennom heile boka. Vi møter Sam og Ina, som bur i Snippen. Dei er på jakt etter ein tjuv som stel bokstavar. I løpet av den spennande jakta drar vi innom alle husa i nabolaget, frå A til Å. Rammeforteljinga skaper eit felles univers som heile klassen kan ta del i. Fargerike og innhaldsrike illustrasjonar støttar opp om leseopplevinga og gir elevane moglegheit til å delta på eigne premissar. Leseboka finst også i digital utgåve. Bokstavbok 1 gir meir trening i å lese og skrive bokstavane. Les meir på fagbokforlaget.no
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2020
Format Innbundet
ISBN13 9788211035561
EAN 9788211035561
Språk Nynorsk
Sider 119
Utgave 2
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket