Omtale fra forlaget
Ordriket er eit norskverk for barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid
med dei grunnleggjande ferdigheitene, samtidig som det fremjar leselyst og leseglede.
Elevbok 7B
Språk er fantastisk! På 7. trinn er språk utgangspunkt for tema, tekstar
og oppgåver. Det vil seie at kvart kapittel tek opp eit språkleg emne som
det blir arbeidd med på ulike måtar i Leseriket, Taleriket, Språkriket og
Skriveriket.
Leseriket inneheld eit utval tekstar med ulik vanskegrad. Desse tekstane
forklarer og illustrerer det språklege emnet. I kvart kapittel blir ein
lesestrategi introdusert og øvd på. Oppgåvene er delte inn i kategoriane
forstå, hugse og tenkje, alt etter kva nivå i leseforståinga elevane øver på.
Taleriket gjennomgår og øver inn munnlege ferdigheiter.
Språkriket gjennomgår grammatikk, rettskriving og språkstruktur.
Skriveriket øver inn skriveferdigheiter i ulike sjangrar. Kvart kapittel
presenterer ein skrivestrategi som er nyttig i skriveprosessen.
Ordriket 7. trinn:
Elevbok 7A og 7B
Lærarrettleiing 7
Digitale bøker og nettressurs på ordriket.no
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2017
Format Innbundet
ISBN13 9788211017574
EAN 9788211017574
Språk Nynorsk
Sider 288
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket