Omtale fra forlaget
Elevbøkene på 5. trinn er strukturerte etter sjanger. Kvart kapittel tek for seg sin sjanger, som blir modellert grundig og arbeidd med på ulike måtar i Leseriket, Taleriket, Språkriket og Skriveriket. Leseriket inneheld eit utval tekstar i ulik vanskegrad i den aktuelle sjangeren. I kvart kapittel blir ein lesestrategi introdusert. Oppgåvene er delte inn i kategoriane forstå, hugse og tenkje, alt etter kva nivå i leseforståinga elevane øver. Taleriket gjennomgår og øver munnlege ferdigheiter. Språkriket inneheld grammatikk- og rettskrivingsoppgåver. Skriveriket øver skriveferdigheitene i den aktuelle sjangeren. Kvart kapittel presenterer ein skrivestrategi som lettar arbeidet med skrivinga. Ordriket Elevbok 5A, d-bok er ein digital utgåve av papirboka. Med d-boken opnar det seg nye moglegheiter og den er tilpassa bruk på PC, Mac og nettbrett. Ordriket Elevbok 5A, d-bok har følgjande funksjonalitet: - Lyd - Utheving og notatar - Slå opp i ordbøker, søkemotorar og leksikon på nett - Lagre og skrive ut uthevingar og notat - Favorittmerke sider - Søkje etter ord eller frasar Sjå www.fagbokforlaget.no/d-bok for meir informasjon.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2014
Format Digital ressurs
ISBN13 9788211017390
EAN 9788211017390
Språk Nynorsk
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket