Omtale fra forlaget
OPPTUR BERGEN viser deg alt det beste av turopplevingar du kan få i og rundt hovudstaden på Vestlandet. Gjennom 151 fotturar i Bergen og alle nabokommunane blir du kjend med høgfjell og kyst, skog og vidde, men også med gater og nærmiljø i bydelar og tettstader.Det høgste byfjellet, Ulriken, er 673 meter høgt, medan Gullfjelltoppen på 987 meter er høgste toppen i boka. Same kvar du er i Bergen eller omland har du fjell- og turområde rett utanfor døra. OPPTUR BERGEN har både lette og meir krevjande turar. Alle turane har oppgitt vanskegrad 1-4 og dei nye fargekodane for gradering. Alle turane er teikna inn på flyfoto, og har fyldig turomtale med startpunkt og fakta om turane. Boka har kring 330 foto fordelt på 368 sider, og kjem ut i samarbeid mellom Selja Forlag og Bergen Turlag. OPPTUR BERGEN har fotturar i ti kommunar: Bergen, Osterøy, Lindås, Radøy, Meland, Askøy, Øygarden, Fjell, Sund og Os.
Forlag Bergen turlag Selja forlag
Utgivelsesår 2012
Format Slide bound
ISBN13 9788282400565
EAN 9788282400565
Språk Nynorsk
Sider 368
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket2 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket