Opnar døra i språket og går ut

dikt

av (forfatter).

Aschehoug 2023 Heftet

Gjennomsnittlig terningkast: 5.00 (1 terningkast.)

4 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Ein eldre mann opnar døra der han bur ved havet og trår ut på trappa, ut i språket og i lufta som dirrar av lys og lukter. Kvar dag betraktar han verda rundt, kjenner at livet er godt, men slett ikkje ei sjølvfølgje. Ikkje lenger. Noko tenkjer du med språk, anna berre opplever du med ordlaust medvit. Nokre livserfaringar set du ord på, medan nokre vert verande utanfor språket, saman med rådyra og furutrea, elvevatnet og marehalmen. «Helge Torvund skriver tankevekkende og inspirerende og han er utvilsomt ei musikalsk sjel (...) Helge Torvund har mye å fortelle mange.» Tor Hammerø, Nettavisen (Terningkast 5) «Poesien hans er ein måte å leve sansande på. I årets bok er det som om poeten på ny er komen attende til verda. (...) Variasjonen i boka er stor. Forunderlege, draumeliknandebiletevekslar med barneaktige regler, varsame antikrigsdikt og dikt som reflekterer over skrivekunst, bilet- og skulpturkunst.» Sindre Ekrheim, Stavanger Aftenblad (Terningkast 5) «Ein som alltid har balansert kvalitet med lesbarheit, er Helge Torvund. (...) Det er ei fin samling dette her, prega av ein tryggleik i møte med tilværet som eg meiner mange vil finna seg vel til rette med. Dikta til Torvund er som alltid prega av fin pust, fin rytme. Og av ei sterk tru på at språket kan bera det som i utgangspunktet kan verka banalt eller patetisk.» Hadle Oftedal Andersen, Klassekampen

Bokdetaljer

Forlag Aschehoug

Utgivelsesår 2023

Format Heftet

ISBN13 9788203395864

EAN 9788203395864

Språk Nynorsk

Sider 89

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 1 0 0 0 0

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

DET MOTSETTE

Eg prøvde å tenkja på
kva som er det motsette
av bomber

og enda opp
med å tenkja på korn.

Korn som veks så stille
og som kan vaia
så vakkert i vinden

og som kan
gi oss brød.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

TYDELEG

Den gylne alleen tek imot meg. Lauvet skin.
Endene pløyer elvevatnet med ungane sine.
den smale bekken fangar òg litt av himmellyset.
Framleis er livskrafta tydeleg overalt.
Det er over fire månadar sidan eg var her ute sist.
Jordfargane ved elveosen rører ved hjarta mitt.
Skyene så kvite mot det blå over stiane.
Sanddynene sine kurver er mjuke i den kalde lufta.
Mektige tre er budde på vinterstormar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

REGLE

Ein, to og store tre.
Alvar ved elva og ei fe.
Ein, to og store tre.

Mosemjuk og jorda fred.
Mumlar mold, nynnar straum.
Røynd er røynd. Draum er draum.

Ein, to og store tre.
Alvar ved elva og ei fe.
Ein, to og store tre.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

HIT

Så kom eg fram
til den viktigaste dagen
av alle
Kvardagen

Godt sagt! (1) Varsle Svar

KVIFOR

Eg har ein stein
der ordet
Kvifor?
er gravert inn.
Den er litt flat
litt rund
og god å halda.
Av og til snur
eg den
slik at ordet
Kvifor?
vender ned
mot jorda.
Men i dag
tok eg den
vog den
i handa
og kasta den
med all kraft
i veggen.
Kvifor?
Difor.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Lister som inneholder dette verket

Oppdateres løpende


Godt sagt! (0) Varsle Svar