Omtale fra forlaget
I romanane Om dyr og syn, Om søvn og mørke og Om livet på jorda, som går føre seg på ei øy i ytre Nordhordland og i Bergen frå 1960- til 90-talet, har Tormod Haugland med sterk forteljeglede, underfundig humor og stor fridom i assosiasjonane skapt ei original form for sjølvbiografisk dikting. Her følgjer vi odelsguten Tormod frå barndommen gjennom ungdomstida fram til vaksenlivet. Tormod er fødd til å ta over garden han veks opp på, men ein stad på vegen endrar livet retning. Han tek kunstutdanning, sel garden og vert forfattar. Det handlar om draumar, om ansvar og fridom, om kunst og natur, om tilhøvet mellom dyr og menneske, levande og død, og om at eit liv kan forteljast i mange ulike versjonar. Tormod Haugland (f. 1962) debuterte med romanen Under i 1994 og har sidan gjeve ut romanar, noveller, dikt og dramatikk. I 2021 var Haugland Festspeldiktar ved Dei litterære festspela i Bergen. For romanane Om dyr og syn (2017), Om søvn og mørke (2019) og Om livet på jorda (2021), som her er samla i eitt band, har Tormod Haugland hausta strålande kritikkar.
Forlag Oktober
Utgivelsesår 2025
Format Heftet
ISBN13 9788249529490
EAN 9788249529490
Serie Tormod (1-3)
Genre Biografisk litteratur
Omtalt tid 1960-1999
Omtalt person Tormod Haugland
Språk Nynorsk
Sider 653
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket