Omtale fra forlaget
Og kven si skuld er det? er ei todelt bok om arbeidsløyse og om feltmetodisk forsking. Den første delen er ei omsetting av Cato Wadels bok, Now, Whose Fault is That? frå 1973. Ho byggjer på eit feltarbeid Wadel gjorde på Newfoundland på 1960-talet og handlar om den arbeidslause trygdemottakaren George. Vi følgjer George i strevet med å leva eit verdig liv midt i fattigdommen og arbeidsløysa og innsatsen hans for å ta vare på respekten for seg sjølv. Studien viser kor grunnleggjande arbeid er for ein person sin identitet. I den andre delen av boka drøftar Carl Cato Wadel og Otto Laurits Fuglestad sentrale feltmetodiske tema med utgangspunkt i dette feltarbeidet. Tema er blant anna tilgang til feltet, utvikling av rolle, forskingsetiske spørsmål og korleis ein kan utforma ein vitskapleg tekst. Denne delen gir dermed eit grundig innblikk i det å utføra og skriva ut eit kvalitativt orientert feltarbeid. Målgrupper for boka er forskarar, studentar som tek ei samfunnsvitskapleg utdanning, og studentar ved profesjonsutdanningar der opplæring innan samfunnsfag står sentralt. Ho er også aktuell for politikarar og tilsette i offentleg forvalting som er opptekne av arbeidslause sin situasjon. Boka kan også nyttast i undervisning som tek for seg kvalitativ metode og feltarbeid, og i emne som tek opp temaet arbeidsløyse. Såleis er boka både ei metodebok og ein vitskapleg tekst om eit aktuelt emne.
Forlag Høyskoleforlaget
Utgivelsesår 2011
Format Heftet
ISBN13 9788276349160
EAN 9788276349160
Språk Nynorsk
Sider 268
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket