Omtale fra forlaget
Årboka for Sogn og Fjordane 2013 tek temperaturen på eit fylke som feira 250 år. I boka får du høve til å vere med på nokre av arrangementa som har markert jubileet.
2013 har elles blitt prega av dei mange ulykkene langs vegane våre. Vi har framleis brannen i Gudvangatunnelen friskt i minne. Busskollisjonen i Sogndal, kapringa i Årdal og den kraftige bilulukka i Våtedalen fekk alle eit tragisk utfall. I alt 12 personar omkom i trafikkulukker i fylket vårt i 2013.
Under stortingsvalet i september røysta fleirtalet i Sogn og Fjordane raudgrønt, men landet totalt sett gav oss blå regjering. I denne stortingsperioden vert vi utan statsrådar frå fjordfylket.
På sportsfronten markerer vi at lokale utøvarar er blitt ein berebjelke på skiskyttarlandslaget.. Meir om sportslege prestasjonar lokalt, nasjonalt og internasjonalt finn du i den fyldige faktadelen. Der finn du også mange statistikkar om folkesetnad, økonomi, samferdsle og næringsliv.
Boka har eit namneregister med nær 1000 namn.
Forlag Selja forlag
Utgivelsesår 2014
Format Innbundet
ISBN13 9788282400763
EAN 9788282400763
Språk Nynorsk
Sider 272
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket