Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka dekkjer måla i tre av studieretningsfaga i økologisk landbruk på studieretning for naturbruk: Økonomi VK1, Omlegging, organisering og berekraftig økonomi VK2 og Berekraftig samfunnsutvikling VK2. Denne boka tek for seg landbruket i lokal og nasjonal samanheng, om utviklinga av landbruket, om verdiar i landbruket og om ressursgrunnlaget i norsk landbruk. I tillegg er det ein fyldig omtale av landbruket i fattige og rike land. Boka tek også for seg økonomien i ei verksemd. Dessuten finn ein stoff om organisasjonane i landbruket og om samfunnsøkonomi. Boka inneheld oppgåver knytt til lærestoffet. Har stikkordsregister.
Omtale fra forlaget
Økonomi for økologisk landbruk 1 / Økonomi for økologisk landbruk 2 Økonomi for økologisk landbruk er eit læreverk i to bind som dekkjer måla i tre av studieretningsfaga i økologisk landbruk på studieretning for naturbruk: Økonomi VK1 - Omlegging, organisering og berekraftig økonomi VK2 - Berekraftig samfunnsutvikling VK2 Den første boka tek for seg landbruket i lokal og nasjonal samanheng, litt om utviklinga av landbruket, om verdiar i landbruket og om ressursgrunnlaget i norsk landbruk. Vidare er det ein fyldig omtale av landbruk i fattige og rike land. Boka tek også for seg økonomien i ei verksemd, som t.d. eit gardsbruk, og samfunnsøkonomi. Dessutan finn litt stoff om organisasjonane i landbruket. Den andre boka held fram med bedriftsøkonomi for landbruket. Sidan kjem ein del landbrukshistoriske emne, og forfattarane prøver å syne samanhengen mellom økologi, økonomi og samfunn. Boka tek også for seg ein del økofilosofiske emne, og avsluttar med kva som må til ved omlegging til økologisk drift. Begge bøkene inneheld oppgåver knytt til lærestoffet, og bak i kvar bok er det eit oversyn over læreplanmåla og hovudmomenta i dei tre faga som bøkene dekkjer. Dette oversynet er forma som ei kryssliste som kan hjelpe elevar og lærarar til å halde kontroll med i kva grad ein har nådd måla i læreplanane Ingen av bøkene tek for seg rekneskapsføring. Rekneskapsføring for eit økologisk drive gardsbruk skil seg ikkje nemneverdig frå rekneskapsføring for eit konvensjonelt drive bruk, og dette temaet er grundig handsama i andre lærebøker. Forfattarane av dei to bøkene har til saman brei bakgrunn i lanbruksøkonomi, økologisk landbruk, økologi, naturforvaltning og økofilosofi. Sjølv om dei to bøkene er skrivne som lærebøker, vil dei truleg også vere nyttig lesnad for alle som er interesserte i økologisk landbruk. Forfattarane: Bjørg Fritsvold er sivilagronom i allsidig landbruk. Ho er leiar ved Ressurssenteret i økologisk landbruk ved Sogn jord- og hagebruksskule. Saman med familien driv ho økologisk ein gard i Fresvik,Sogn og Fjordane. Maria Bjune har geografi hovudfag ved Universitetet i Bergen. Ho har tidlegare arbeidd i Norsk økologisk landbrukslag, der ho mellom anna redigerte tidsskriftet Jordvett. Ho er no rektor ved Sogn Jord- og hagebruksskule. Olav Johan Ellingsen er sivilagronom i husdyrfag. Han har tidlegare arbeidd som heradsagronom, men er no tilsett som lektor i husdyrfag ved Sogn jord- og hagebruksskule. Han underviser også i landbruksøkonomi. Jon Gjerdåker er forstkandidat med hovudfag i økonomi. Han har tidlegare arbeidd som heradsskogmeister og som dagleg leiar for Sogn og fjordane skogeigarlag. Gjerdåker er rektor ved Voss Jordbruksskule, der han også underviser i landbruksøkonomi. Erik Solheim er naturforvaltningskandidat med utdanning frå Norges Landbrukshøgskule. Han har vore lærar i landbruksfag ved Mo Jordbruksskule og høgskulelektor i landbruk ved Høgskulen i Sogn og fjordane. Han er dessutan leiar i Norges Naturvernforbund. Det vil også kome eit tabellhefte til bøkene. Dette heftet er utarbeidd av Helge Vittersø.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 1999
Format Heftet
ISBN13 9788276743982
EAN 9788276743982
Språk Nynorsk
Sider 270
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket