Omtale fra forlaget
«I femten generasjonar før meg har mine forfedrar lempa stein og slite med jorda slik at dei som kom etter, skulle få eit betre liv. Skal det ta slutt med meg? For eg bur i byen og har bygd meg eit godt liv der.»
I boka Odelsskam skildrar odelsjenta Maria Lavik oppveksten på eit småbruk på Vestlandet. Ho veks opp med sauesanking, store avstandar, bokbuss annankvar torsdag og historier om ei livskraftig og motkulturell slekt. Men alt som sekstenåring flyttar ho ut. Burde ho koma tilbake?
Odelsskam skildrar ein gard, ein plass og ein tilstand som held på å gleppa mellom hendene på forfattaren. Boka skildrar den evige reisa som mange utflyttarar er på, i stadig rørsle mellom bygda og byen, mellom «heim» og heim.
Samanvoven med hennar historie er den særnorske, over tusen år gamle odelsretten. Lova som koplar jorda og slekta saman til ein nesten heilag symbiose. Odelsskam er ei nær og rørande historie om tradisjonar og endring.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2024
Format E-bok
ISBN13 9788234013652
EAN 9788234013652
Genre Hverdagsbetraktninger Personlige beretninger
Omtalt person Maria Lavik
Språk Nynorsk
Sider 158
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketDystopiar hjelper meg å vera takksam for alt me har, og for å øva tankane på å kjempa imot, om det blir teke ifrå oss. Eg tenker at verken demokrati eller respekt for menneskeverd er naturlege sluttpunkt i den historiske utviklinga, men resultat av langvarig kamp. Og det kan gleppa.
20 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket