Nynorsk samtidslitteratur og skriftkultur

festskrift til Geir Hjorthol

av (redaktør), Stig Jarle Helset (redaktør), Endre Brunstad (redaktør) og Geir Hjorthol (dedikert til).

Cappelen Damm akademisk 2023 E-bok

Ingen bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Bakgrunnen for dette nummeret av Skriftkultur var at vi ville heidre vår gode kollega og fagfelle Geir Hjorthol med eit festskrift i høve hans 70-årsdag. Sidan festskriftmottakaren er litteraturprofessor og dessutan er interessert i skriftkulturstudiar meir generelt, valde vi å gje festskriftet tittelen Nynorsk samtidslitteratur og skriftkultur. Geir Hjorthol står sjølv for den første artikkelen om Jon Fosses Septologien (2019–2022), og her rettar han søkjelyset mot forholdet til musikk i romanen. Denne artikkelen blei ikkje mindre aktuell då det nokre veker før festskriftet var ferdig, blei klart at Fosse fekk Nobelprisen i litteratur 2023, som den første nynorskforfattaren nokosinne. I den andre artikkelen stiller Jan Inge Sørbø spørsmål om lesing av litteratur kan ha køyrt seg fast i eit kritisk spor der ein heile tida er oppteken av å avsløre noko som er skjult i teksten. Deretter følgjer fire artiklar som tek føre seg ulike nyare nynorske romanar eller forfattarskapar. I den første av desse reflekterer Elin Stengrundet over korleis Erlend Skjetnes ungdomsroman Eit anna blikk (2021) knyter an til moderne migrasjonslitteratur og den nynorske litteraturtradisjonen, medan Nora Simonhjell sin artikkel kastar nytt lys over den indre samanhengen i forfattarskapen til Olaug Nilssen. Marit Brekke og Wenke Mork Rogne presenterer ei posthumanistisk lesing av Is-slottet (1963) av Tarjei Vesaas, medan Beatrice G. Reed undersøker graden av naturorientering i nynorske biletbøker for barn i vår tid ved å sjå nærare på 13 prislønte nynorske biletbøker utgjevne etter år 2000. Sakprosasjangeren og temaet nynorsk omsetjing blir dekt av dei to neste artiklane i festskriftet. Brage Egil Herlofsen drøftar forholdet mellom nynorsk skriftkultur og essaysjangeren med utgangspunkt i to bøker frå Norsk røyndom-serien til Samlaget (2018), medan Marie Nedregotten Sørbø analyserer omsetjingar av Jane Austen frå engelsk til norsk i lys av skriftkulturelle og hermeneutiske perspektiv. I den siste artikkelen viser Stian Hårstad korleis vår tids språkkultur legg vekt på auka pluralisering og folkeleggjering, ikkje minst gjennom framveksten av digital teknologi som legg til rette for nye former for skriftbasert samhandling, før han drøftar kva for konsekvensar dette kan ha for skriftlegheita og for skriftkulturforskinga.

Bokdetaljer

Forlag Cappelen Damm akademisk

Utgivelsesår 2023

Format E-bok

ISBN13 9788202826703

EAN 9788202826703

Serie Skriftkultur (5)

Omtalt person Geir Hjorthol

Språk Bokmål

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

0 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket