Omtale fra forlaget
Nynorsk på nytt er ei idébok for lærarstudentar og lærarar i grunnskole og vidaregåande skole. I den første delen av boka presenterer forfattarane forskjellige tiltak og forsøk innanfor sidemålsopplæringa, og korleis dei kan vere med på å skape eit språkvennleg miljø i klasserommet og samfunnet. Andre del handlar om korleis vi kan legge opp undervisninga slik at det blir meir moro og mindre mas i ny-norskundervisninga. Denne delen er ein matnyttig idébank for nye måtar å arbeide med nynorsk som sidemål på. Her får læraren tips og råd om korleis ein kan skape motivasjon for emnet, både gjennom seriøse diskusjonar med elevar og foreldre, og gjennom leikorienterte aktivitetar som kan gje stort læringsutbytte. Ideane er retta mot arbeid med nynorsk som sidemål, men kan brukast i all slags språklæring. Norunn Askeland er førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Vestfold. Cecilie Falck-Ytter arbeider som lektor ved Solvang skole i Asker.
Forlag Fagbokforlaget Landslaget for norskundervisning
Utgivelsesår 2009
Format Heftet
ISBN13 9788245007602
EAN 9788245007602
Serie LNUs skriftserie (176)
Språk Nynorsk
Sider 187
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket5 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket