Omtale fra forlaget
Korleis kan ei felles forståing av skriving og tydelege forventningar om skrivekompetanse gi betre skriveopplæring? Og korleis kan ein utnytte læringspotensialet som ligg i skriving i ulike fag og samanhengar?
I fleire år har forskarar følgt ei stor gruppe lærarar og elevar i arbeidet deira med skriving og vurdering. Funna er interessante og oppsiktsvekkande. Denne boka presenterer bakgrunnen for det landsomfattande Normprosjektet, gjennomføringa, funn og erfaringar.
Boka inneheld også praktiske ressursar for skriveopplæring og tekstvurdering og presenterer erfaringar med å ta desse i bruk. Lærar- og elevstemmer kling saman med forskarstemmene gjennom heile boka, mellom anna i form av skriveoppdrag, elevtekstar frå ulike fag og samtalar om tekstar. Slik vender boka seg til ei brei lesargruppe: skriveforskarar, lærarutdannarar, skuleleiarar, utviklingsorienterte lærarar og ikkje minst lærarstudentar.
Forskarane som har designa og gjennomført prosjektet, har i fellesskap forfatta boka, og redaktørane har skrive det heile saman. I eit etterord set Judy Parr frå New Zealand prosjektet inn i ein internasjonal kontekst.
There has been an ongoing call to examine writing instruction and to work to identify how best to support the development of writing. The NORM project contributes significantly to this call.
Judy Parr, professor ved University of Auckland, New Zealand
Normprojektet er et dristigt, originalt og imponerende bidrag til nordisk skriveforskning.
Ellen Krogh, professor ved Syddansk Universitet
Ett för lärare gripbart och relevant metaspråk som sätter många olika aspekter av texter i förgrunden.
Caroline Liberg, professor ved Uppsala universitet
Skrivesuksess for norske elever. Etter to års effektiv skriveopplæring hadde elevene forbedret skriveferdighetene sine tilsvarende et halvt til to års skolegang.
om Normprosjektet i Dagsavisen
Bokdetaljer
Forlag
Universitetsforlaget
Utgivelsesår
2021
Format
EPUB
ISBN13
9788215046914
EAN
9788215046914
Språk
Norsk bokmål
Nynorsk
Sider
431
Utgave
1