Omtale fra forlaget
- Eg treng å bygge eit hus, seier Nu. - Det brenn og bles og det er mange barn, og da meiner eg MANGE, som ikkje har hus. Og snart er det vinter.
- Det er vår, seier Nils.
- Men det blir vinter. Vil du hjelpe meg å bygge?
I Nu og den store tanken møter vi Nu, som ser kor mange barn som ikkje har nokon stad å bu. Ho vil bygge eit hus for alle. Dei vaksne seier det er umogleg å bygge eit slikt hus, men Nu gir ikkje opp; ho kan ikkje gi opp. Ho går den lange vegen gjennom skogen, heilt til Nils sitt hus. Nils kan bygge, men gjer det ikkje. Også han har fått vite at husa han bygger er umoglege - og nå har han gjeve opp. Nu får han til å leite fram tomt, skaparglede og hammar, og saman kjemper dei seg gjennom uviljen til «folk flest». Gode hjelparar kjem til, og huset for alle reiser seg.
Nu og den store tanken tek for seg tema som utanforskap, bærekraft og sosial rettferd.
Forlag Kolofon
Utgivelsesår 2023
Format Innbundet
ISBN13 9788269338904
EAN 9788269338904
Språk Nynorsk
Sider 97
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket